top of page

Bringebær

Vi har to sortar bringebær vi produserer hos oss.

Dei heiter `Glen ample` og Varnes.

 

`Glen  ample` er ein skotsk sort som har god smak med faste bær.

Dei har god haldbarheit og er godt eigna til spisebær

i tillegg til sylting og safting.

 

Varnes har ein gylden aprikosfarge med søt og god smak.

Bæra er litt mindre enn `Glen ample`bæra og litt mjukare.

Dei er gode spisebær og til sylting.

 

Bringebærfrua sel nyplukka bringebær i bringebærsesongen.

Den startar normalt i slutten av juli og varar til slutten av august,

men dette varierer mykje etter temperatur og vær.

Vi lagar til korger som er berre den enkelte sorten,

men også mix-korger med blanding av `Glen ample` og Varnes .

Bæra vi sel er alltid dagsferske, slik er du sikra at du får best kvalitet.

Dette er utrulig viktig for oss!

Når vi frys ned bær for sal, frys vi dei ned same dagen dei er plukka.

Slik held bæra best kvalitet og ein kan til dømes pynta kaker

med bæra utan at dei saftar seg noko spesielt.

 

Det har vore stor etterspurnad etter bæra våre, så vi anbefalar å førehandsbestilla ,

slik at du er sikker på å få bær.

bottom of page