top of page

Personvernerklæring

1.Kven er behandlingsansvarleg?

Bringebærfrua ved dagleg leiar Trude Isdal Fosse er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane bedrifta hentar inn og behandlar. Dette gjeld opplysningar om våre kundar og samarbeidspartnarar, som har eit kundeforhold eller eit potensielt kundeforhold og som nyttar våre tenester. At vi er behandlingsansvarleg betyr at vi er forplikta til blant anna å informere deg om korleis vi nyttar personopplysningane dine, og til å beskytte personopplysningane dine. Det er viktig for oss at du føler dine personopplysningar er trygge hjå oss, og vår personvernerklæring skal gje deg informasjon om korleis vi jobbar for dette. Dersom du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane er du velkommen til å ta kontakt med oss. Sjå kontaktinformasjon nedst i personvernerklæringa.

 

2.Kor lagrast persondata:

Persondata frå våre kundar og samarbeidspartnerar kan lagrast på denne måten:

  • Fakturaprogrammet vårt: Conta faktura

  • Mail: Eg nyttar både Outlook og google

  • Skytenester: Onedrive

  • Skrifteleg papir: vert lagra i eit låsbart arkivskap

  • Heimeside: Cookies/ informasjonskapsler på nettsida vår https://www.bringebaerfrua.no/

  • I system hjå våre samarbeidspartnarar:

    • Real Økonomi (Regnskapskontor)

    • Facebook  og gjennom kommunikasjonsverktøyet Massanger

    • Instagram

    • Izettle (Betaling)

 

3.Korleis sikrast, arkiverast og slettast opplysningane
3.1 Sikring av dine personopplysningar
Vi vil sikre at behandling av dine personopplysningar til ei kvar tid er i tråd med legitime behandlingsgrunnlag. I tillegg har vi avtalar med samlege samarbeidspartnarar og leverandørar for å sikre at dine personopplysningar behandlast på ein trygg og forsvarleg måte (Jf. Databehandlaravtalar).
 
3.2 Lagring av persondata
Bringebærfrua lagrar persondata om sine kundar, samarbeidspartnarar og andre som har vore i kontakt med oss, i eigne register i mappe på passordbeskytta PC. Elles vil opplysningane verte lagra i vår sky som er sikra av t.d. Microsoft sine tryggleikstiltak.

Lista over opplysningane vert lagra i maks fem år etter oppføring. For kundar hjå oss vert opplysningane lagra så lenge det føreligg eit kundeforhold.

3.2 Sletting og oppbevaring
I høve personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 vil vi ikkje lagre dine personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga. I høve Bokføringslova § 13, 2. skal visse opplysningar, som kontrakt og fakturagrunnlag med blant anna namn, adresse og kundenummer, lagrast i 5 år etter kundeforholdet er avslutta. Etter oppbevaringstida på 5 år vil vi ha sletta og/eller anonymisert alle personopplysningar som kan identifisere deg som kunde.

Dersom vi behandlar personopplysningar på grunnlag av ditt samtykke, slettast disse når samtykke trekkast tilbake.

 

 

4.Oversikt over personopplysningar som behandlast

Over har vi angitt kva slags opplysningar vi behandlar for ulike formål og på ulike grunnlag. Her gir vi ei oversikt over opplysningar vi kan behandle om deg (Kan gjelde alle som er kunde eller samarbeidspartnar til Bringebærfrua):

  • Fornamn

  • Etternamn

  • Telefonnummer

  • Privatadresse

  • E-postadresse

  • Kontonummer (Ved refusjon)

 

 

5.Kvifor lagrast dine data?

Dine persondata lagrast med det formål at Bringebærfrua skal kunne levere produkt/ teneste eller varer til deg som kunde. Eller i den samband at ein skal kunne halde kontakt med deg som samarbeidspartnar. Formålet for lagringa av dine persondata gjelder i all hovudsak:

  • Betaling

  • Levering

  • Kommunikasjon med kunde

6. Databehandlarar
6.1. Kommunikasjon og behandling av dine førespurnadar

Når du kontaktar oss via telefon eller sms vil ditt namn og telefonnummer registrerast i våre register og hos vår mobiloperatør. Når du kontaktar oss via mail vil din e-post registrerast. Kontaktar du oss via chatte-funksjonar som Facebook Messenger vil ditt namn registrerast hjå oss. Alle register vert også lagra i mappe i vår sky-teneste.

 

7.Dine rettigheiter
Du har ei rekke rettigheiter ovanfor oss som behandlingsansvarleg for dine personopplysningar. Du har blant anna:

  • Rett til innsyn i bruk av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 15),

  • Rett til utlevering/dataportabilitet av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 20)

  • Rett til å fremme ei motsegn (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 21)

  • Rett til å be om korrigering av opplysningar (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 16)

  • Rett til å få dine personopplysningar sletta eller at behandlinga avgrensast (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 og 18)

 

7.1 Klage
Du har rett til å klage til Datatilsynet på vår behandling av dine personopplysningar. Vi oppfordrar deg likevel til alltid å ta kontakt med oss først.



7.2 Krav til legitimering
Dersom du ber om for eksempel innsyn i dine personopplysningar må vi vite at det faktisk er deg som spør. Derfor må du legitimere deg for å få innsyn i dine personopplysningar. Ditt innsynskrav vil verte svara på innan 30 dagar etter førespurnaden. Opplysningane vil verte tilsendt via e-post (gjeld ikkje sensitive personopplysningar).
 



8.Kontaktinformasjon
For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:

Dagleg leiar: Trude Isdal Fosse | 99 63 04 00 | post@bringebaerfrua.no
 

bottom of page